Kanton er i heraldikk ei nemning for ein heroldfigur som utgjer eit kvadratisk felt plassert i det øvre heraldisk høgre hjørnet av våpenskjoldet. Ein kanton er tydeleg mindre enn ei kvadrert inndeling, og tilsvarar vanlegvis ein niandedel av skjoldet.